Open gard laurdag 02.12.17

I år blir det 4. gongen vi arrangerar open gard her på Bøen og laurdag den 02.12 kl. 12.00 opnar vi salet av spekematen. Det blir spekekjøt, pinnekjøt, mør, syltaflesk, fårerull m.m. Alt laga av våre eigne råvarer basert på oppskrifter og framgongsmåtar her frå Hide i Gjerdsvika. Meir lokal lokalmat kan ein vel knappast finne. I år tilbyr vi også juletre levert på døra og sjølvsagt den populære Palmalefsa. Og så slenger vi på med litt eminent sjokolade og macroner frå Choco Loco. Det er no trass alt jul! 

Ramma blir maten, men vi har sjølvsagt gøye ting å by på her på Bøen denne dagen også. I fjøsen står sauene og tek gjerne imot ein klapp og ein brødbit. Vi har høner og ender, kattar og kattungar. Kattane elskar å bli klappa, endene er ikkje så begeistra for det, dei likar best å få mat. Så kjem julenissen med overraskingar i sekken sin og heile garden glitrar og glimer med julelys og julepynt. Vi meiner vi kan kan garantere julestemning etter eit besøk på Bøen. 

Nytt av året er juletresal med levering på døra. Vi har vår eigen juletreskog som no er hogstmoden. Då er det berre å ta på seg støvlane og gå i skogen for å blinke seg ut sitt eige juletre. Når det nærmar seg jul, så vil Trond hogge ned treet og levere det på døra dersom du bur i Sande, Herøy eller Ulstein. Eller du kan felle treet sjølv. Prisen på edelgran er kr. 300,-og fjellgran kr. 250,-. Utkøyring på kr. 50,-/tre.

Gardskaféen vil sjølvsagt vere open og vi vil kunne by på ei rekkje med nydelege, heimelaga kaker og bakst, lefser, sjokolade, kaffi og mykje anna godt. Choco Loco og Vibeke Schakenda har laga nydeleg sjokolade og marcronar som berre må prøvast. Desse kan også fåast i gåvepakningar og er eit glimrande julegåvetips. Her bør det vere litt for einkvar smak og for både store og små.

Hugs berre å ta på varme klede som toler fjøs og vått og vindfullt ver.

Velkomne til gards!

kvaskjer, AktueltGasta Design