Om Bøen Gard

Bøen Gard ligg på vakre Hide i Gjerdsvika, klemt mellom fjell og det mektige storhavet. Garden har sauedrift med 150 vinterfora sauer og er eit typisk kystsmåbruk. Garden har også  Inn på tunet tilbod og gardsmatproduksjon. 

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Godkjende gardar tilbyr aktivitetar som gir meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Bøen Gard tilbyr tenester både til oppvekstetaten, barnevern og helse og omsorgsetaten og det er dette som utgjer hovuddelen av aktiviteten på garden. I dei seinare åra har vi også bestemt oss for å auke satsinga på gardsmat og har investert i nye lokaler for vidareforedling av produkt av sau, lam og gris.

Eigarskap

Vi som driv Bøen Gard er Bente og Trond Hide. Bente er opprinneleg frå Ulsteinvik medan Trond kjem frå nabogarden her på Hide. Trond har bakgrunn som sosionom og Bente har utdanning og erfaring innan sal og marknadsføring. Vi kjøpte garden i 2003 og flytta då frå Bergen og blokkleiligheit med kofferten full av arbeidslyst og planar. I løpet av desse åra har vi gjort det nedlagde småbruket om til vår fulltids arbeidsplass, og småbruksdraumen har blitt ein realitet for vår del. Vi stortrivast her på Hide.

I dag er vi 2 heiltidstilsette på garden i tillegg til fleire deltidstilsette. Vi tilbyr tenester til forskjellige etatar i stat og kommune. Meir om dette kan de lese under «Inn på tunet». Vi forer også på 150 sauer vinteren gjennom. Dette blir det mykje lam av og denne ressursen prøvar vi no å utvikle vidare. Vårt gardsmatkonsept skal no inn i meir profesjonelle rammer og vi er difor i gong med å bygge lokaler og skaffe oss utstyr som er godkjend av Mattilsynet. Vi vil difor bli istand til å vidarefordle og selge alt her på garden. Dette står det meir om under «Gardsmat»