Inn på tunet på Bøen Gard

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Godkjende gardar tilbyr aktivitetar som gir meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel.

Bøen Gard er godkjend av Matmerk si offentlege godkjenningsordning av Inn på tunet gardar og vi har drive med denne tenesta sidan 2005. Bøen Gard er plassert slik på kartet at det er nesten like langt frå Bøen Gard i Sande til kommunene Ulstein, Hareid og Herøy. Vi tek imot oppdrag frå alle desse 4 kommunene men har også hatt oppdrag i Ørsta og Volda.

Målet til Bøen Gard er å gi tryggheit, trivsel og meistring. Tryggheit gir trivsel og meistring og mange opplever dette som utløysande for eigen kompetanse. Opplevingar med dyr og natur, eller andre trivselsfremjande aktivitetar, er ein viktig faktor for å nå dette målet. All aktivitet blir tilrettelagt individuelt opp mot den enkelte brukar. Og vi brukar både garden og nærområdet for å treffe interesseområda til den enkelte.

Vårt tilbod er sterkt brukartilpassa. Det er slett ikkje nødvendig å ha interesse for dyr og gardsbruk for å kunne ha eit tilbod her hjå oss. Likar du rock'n roll, er du glad i å mekke, likar du båtliv og fisking, eller kanskje det er nok berre å ha ein vaksen å vere med? Vi tilpassar tilbodet alltid etter behovet. Ingenting er umuleg og det fins mange måtar å gjere ting på.

Dyra på garden

Vi har sauer som likar å bli klappa og mata med brød. Dei syns gammalt brød er som snop. Om våren under lamminga, får vi garantert flaskelam. Det er lam som av forskjellige grunnar ikkje får mjølk av mora og må difor matast av flaske. Ein aktivitet som er kjempekjekk fordi desse lamma blir så tamme og kosete. Vi har fleire kattar og til stadigheit skjønne kattungar som treng merksemd. Vi har høner og ender som legg egg og som også treng mat og stell. Sommarhalvåret får vi også grisungar som går ute og grev og rotar i jorda og er morsomme å sjå på.  For dei som likar meir motoriserte aktivitetar, så har vi bl.a traktorar og atv’ar i fleire variantar. Og for dei som likar å fiske eller dra på båttur, så har vi båtplass på Moltu som gjer at vi lett kjem oss ut i den vakre skjergarden mot Flåver.

Vi har følgande tilbod:

  • Dagtilbod med arbeidstrening

  • Skuletilbod

  • Avlastning

Ta gjerne kontakt med oss direkte for å få vite fleire detaljar om kva vi kan tilby.