Julemarknad og open gard laurdag 1. desember 2018

Laurdag 1. desember kl. 12 opnar vi salet av årets spekemat og pinnekjøt, lefser og mykje anna  julegodt. Kafeen er open og har godt utval i nydelige, heimelaga kaker og kaffi. Det blir høve til å helse på dyra i fjøsen og nissen kjem innom. Han har sagt at han gjerne tek imot ynskjelister frå borna. Bøen Gard satsar alt på å levere god julestemning. Heile garden er pynta både ute og inne med meir eller mindre ekstrem julepynt. 

Vi brukar kun råvarer frå eiga besetning i produksjonen. Vi har pinnekjøt, pinnebog, spekekjøt og fårerull frå villsau og vanleg sau. Så har vi syltaflesk og bacon frå vår eigen frilandsgris. Og sjølvsagt vår eigen dampemør. Alt laga etter tradisjonelle oppskrifter frå Hide. Vi er også i år heldige og har Palmalefser og flatbrød i sortimentet. Kakene i kafeen er tradisjonelle, sunnmørske kaker laga frå botnen av.

I år sel vi også ut ein del flotte skinn frå villsau til kun kr. 850,-/stk.

Det blir sjølvsagt høve til å gå i fjøsen til sauene og gi dei ein klapp og kanskje ein brødbit. Vi har 6 usannsynleg, søte kattungar som likar godt kos og som ventar på ein ny heim. Så er der høner og ender som er artige å sjå på. Og ei geit. Elles er her også diverse leiker for dei aller minste og konkurranser med premiar.

Bøen Gard satsar alt på julestemning. Det vil blinke og skine i kvar ei krå og nissen kjem med overraskingar til dei små. For dei som har lyst til å gi ønskelista si til nissen, så tek han gjerne imot den. Vi kan nesten garantere at julestemninga vil sige innover alle og einkvar etter eit besøk på Bøen Gard.

Vi ynskjer alle velkomne til julemarknad laurdag 1. desember.

Aktuelt, kvaskjerGasta Design