Sauen som hoppa på havet

Eit uklart bilde av sauen som la på sym og kom tilbake i god behold.

Eit uklart bilde av sauen som la på sym og kom tilbake i god behold.

I sommar hende noko artig som vi aldri har sett før her på Bøen Gard. Vi hadde i lengre tid jakta på ein sau og 3 lam som hadde stukke av til Moltu. Tilslutt greidde vi å fange sauen og to av lamma og det gjenstod eit gjenstridig lam som absolutt ikkje hadde lyst tilbake til Hide. Vi var samla fleire som skulle hjelpe til og trudde vi hadde det i boks når lammet var på veg mot grinda ved kufella på Løset. Men plutseleg ombestemte lammet seg og smaug seg under autovernet og sprang ned i fjøra. Trond var rask og hoppa etter i trygg forvissing om at no var jakta over. Den einaste vegen mot fridomen var havet og alle veit at sauer sekk rett til botnen etter kort tid på symjetur. Det er fordi ulla blir for tung når den blir våt. Og det ville vel ikkje dette lammet våge, eller?

Jauda, lammet hoppa rett på havet i stiv nordavind med skummande bølgetoppar Vi stod måpande og såg på medan lammet symde utover i god fart mot Flåvær. Vi kunne ikkje gjere noko. Anna enn å vente på at lammet forsvann i bølgene. Men etter nokre minutt så var lammet framleis flytande. Vi kunne sovidt skimte hovudet blant skumtoppane då vi lurte på om det kunne rekke å nå fram til nokre småholmar. Bente heiv seg i bilen for å hente båtnøklane. Dersom lammet greidde å nå fram til holmane, så ville vi kanskje kunne redde lammet likevel?

Men før Bente var tilbake med båtnøklane hadde lammet sjølv innsett den trasige situasjonen det hadde sett seg sjølv i og rett og slett snudd. Så lammet symde tilbake til fjøresteinane og greidde å kave seg på land igjen. Der stod Trond og tok imot det og blei ført inn i varebilen utan store protestar. Lammet var sjølvsagt fullstendig utkøyrt men etter den korte køyreturen tilbake til Hide var det friskt og raskt igjen og sprang lukkeleg ut på markane for å møte si mor og søsken.

Kvelden før vi skulle sende lamma til slakteriet i september, så stod vi og såg på flokken. Dei lamma som hadde eit smalt, grønt merke i eine øyra var returslakt. Dvs at vi skulle få slaktet tilbake til Bøen Gard for å bli til julemat. Brått fekk Trond auge på eit stort og fint lam som hadde eit slikt grønt merke i øyra. «Nei», tenkte han. «Eg kan ikkje sende symjesauen til slakt. Den fortener å leve og bli mor til mange sterke lam». Og slik blei det. I dag vandrar denne sauen rundt på Bøen med eit ekstra merke i øyra, som prov på at han for andre gong lurte døden.

Aktuelt, HistorierGasta Design