Det gode liv

I dag kan ein med sikkerheit fastslå at våren er komen trass i at datoen kun viser 2. mars. Lamma leikar seg i sola medan vi høyrer tjelden sin vakre vårsong i fjøra. Ahh, dette er det gode livet!

I år har lamminga starta uvanleg tidleg. Vi fekk våre fyrste lam i fjøsen allereie den 16. januar. Men heldigvis var det kun eit par kvitesauer som var så tidleg ute. Resten av flokken har heldigvis vore fornuftig og er ikkje ventandes før i midten av mars.

Men villsauene derimot, har aldri før vore så tidleg ute. Bonden Trond meiner han har merka nesten 40 lam, og det nærmar seg nesten halvparten av forventa antal villsaulam. Men når veret er slik som i dag, så er det inga fare med tidleg lamming. Vi nyt livet her på Bøen Gard og gler oss til tida som kjem.

Historier, AktueltGasta Design