Spekematen er i rute

Laurdag 26.11 held vi open gard og sel årets julematproduksjon. I tillegg til spekekjøt og fåreribbe, så er sjølvsagt lefsene og flatbrøda til Palma også å få kjøpt.  I år får vi tilgong til eit ekslusivt tilskot av produkta til Choco Loco. Det er Vibeke Schakenda som står bak verksemda som produserar bl. a konfekt og marmelade i Fredrikstad. Ho kan friste med uimotståelege ting og vi gler oss til å smake. 

Det flotte veret i haust har gitt oss eit flott utgongspunkt i tørkeprossessen. Vi kan også i år tilby spekekjøt, fåreribbe, fårerull, syltaflesk og endåtil tørka saudehaud. I tillegg har vi dampemør og diverse produkt av svin. Alt kjøtet kjem frå eiga besetning av sau og gris. I møren er der også hjortekjøt felt av lokale jegerar i eige hjortevald. Alle produkta er produsert etter tradisjonelle og lokale oppskrifter.

Vibeke Schakenda, opprinneleg frå Gjerdsvika og niesa til Morten Schakenda, driv ei spanande bedrift i Fredrikstad. Basert på dei beste råvarer lagar dei nydeleg konfekt, marmelade og kaker. Her kan ein sikre seg julegåver som garantert vil falle i smak.

Palma har baka lefser og flatbrød. Ho har også sørga for eit større lager av sin populære rips- og bringebærgele. John sel nydeleg lynghonning frå eigne bier.

I kafeen blir det servert eit rikhaldig utval av heimelaga kaker og mulegheit til å teste nydampa, eigenprodusert mør. Kaffimaskina frå Kafe Kuling sørger for full kaffimeny.

Dyra står klare for å ta imot klapp og kos. Julenissen kjem. Det blir leiker og moro for både store og små. 

Og gløym ikkje den overdådige julepyntinga som bonden Trond har føre seg. Ynskjer de å kome i skikkeleg julestemning når adventstida tek til, så ta turen til Bøen Gard.

kvaskjer, AktueltGasta Design