Julemarknad 2020

Årets produksjon av julemat er i full gong og vi satsar alt på at julemarknaden også i år vil gå av stabelen den fyrste helga i advent, altså den 28.11.20. Det blir sjølvsagt endringar for å kunne arrangere på ein trygg måte. Regelverk og anbefalingar frå FHI vil bli fulgt. Heldigvis har vi mykje plass i løda og uteområdet er nesten uendeleg. Så meterregelen skal vere enkel å overhalde. Vi kjem til å selge kjøtet direkte frå produksjonslokalet med køsystem. Oppe på løda kan ein få kjøpt frysevarer og kaffi og kaker. Der vil bli tillaga sitteplassar, men kvifor ikkje ta med seg kakene ned i fjøra, eller opp i skogen? Er veret dårleg, ordnar gode kle det. Det er litt av ei oppleving å sjå utover havet når det bles her i Gjerdsvika. Og kanskje greier vi å overtale nissen til å kome…..

I løda vil det bli muleg å sitte ned og prate med kjentfolk og smake på dei heimelaga kakene.

I løda vil det bli muleg å sitte ned og prate med kjentfolk og smake på dei heimelaga kakene.

Vi håpar at Nissen kjem.

Vi håpar at Nissen kjem.

Sauene ventar spent på besøk.

Sauene ventar spent på besøk.

Tørkinga er godt i gong. Vi har kjøt både frå villsau, kvitsau og geit.

Tørkinga er godt i gong. Vi har kjøt både frå villsau, kvitsau og geit.

Bente Hide