Bøen Gard har tjuvstarta på våren og ørna følger med

Dei fyrste villsaulamma har sett dagens lys på Bøen Gard. Snart vil det yre av søte, små lam i vakre fargar på markane rundt garden. Tjelden er komen og då er det ikkje lenger tvil, våren er komen til Hide. Men ørna følger med og held ikkje lenger den respektfulle avstanden som vi skulle ønske. Den har endatil vore på besøk i hønsegarden i vinter. Vi håpar at lamma får vere i fred og at ørna finn seg anna mat i tida som kjem.

Villsau med lam og ørn.jpg
kvaskjerBente Hide