Triveleg besøk av Olaug i dag

Sjølvaste landbruksminister Olaug Bollestad besøkte oss på Bøen Gard i dag. Det blei eit svært hyggeleg møte med ein minister som brenn for Inn på tunet tenester.

Torsdag i forrige veke fekk vi ein uventa telefon om at Olaug Bollestad gjerne ville ta turen til Gjerdsvika for å sjå på kva slags Inn på tunet tenester som Bøen Gard tilbyr. Det blei vi sjølvsagt glad for, og heldigvis var veret fint slik at Olaug fekk sjå Gjerdsvika og Hide frå si beste side. Ho blei imponert over dei flotte omgjevnadane til garden og det som vi har fått ut av gardsbruket. Bøen Gard har i tillegg til tradisjonelt sauehald også tilleggsnæringane Inn på tunet som tilbyr tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk og gardsmatproduksjon der vi vidareforedlar sau og frilandsgris.

Bollestad blir engasjert når ho snakkar om Inn på tunet tenester og kva det kan gjere for den einskilde. Ikkje alle passar inn i den vesle firkanten som skulen representerar, er hennar oppfatning. Eit tilbod utanom klasserommet kan vere nok til at ein elev greier å gjennomføre skuletida og dermed hindre framtidig problematikk.

Brit Kari Eidseflot Hauger, assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal opplyste om at dei er i gong med eit prosjekt der dei bl.a vil prøve å få Inn på tunet inn i læreplanen i vidaregåande opplæring.

Politikarar som var med i fylgjet var Lena Landsverk Sande frå Møre og Romsdal Venstre og Harry Valderhaug frå Møre og Romsdal KRF. Sistnemnde var av den oppfatning at dei framtidige omsorgsoppgåvene som ligg føre t.d. i eldreomsorga, så er mindre einingar slik som gardsbruk å foretrekke framfor å bygge større institusjonar.

Vi avslutta seansen med eit hjartesukk frå Bøen Gard. Vi skulle ønske vi hadde meir forutsigbare avtalar. Per i dag varer ein avtale kun eit år framover i tid. Ei politisk avgjerd er nok til å velte inntektsgrunnlaget vårt og då blir det vanskelegare for oss å ta sjansen på å ta større investeringar noko som er heilt nødvendig for ei sikker drift i framtida.

kvaskjerBente Hide