Slaktetid

No er hausten i anmarsj og dermed også slaktesesongen. Vi har framleis våren og lamminga friskt i minne der vi gjekk rundt på markane og vakta dei nyfødde lamma.

Det var mange farar. Kråke, ravn og ørn kunne finne på å nappe til seg eit svakeleg lam. Sauene kunne finne på å støyte frå seg ein tvilling. Det barske veret kunne bli for tøft. Då måtte vi vere klar til å gripe inn. Dei lamma som ikkje hadde mødre som ville passe på dei, eller som var svakelege av andre grunnar, tok vi inn i fjøsen og dei blei flaskelam. Desse lamma blir oppfostra på mjølk frå flaske derav namnet flaskelam. I år hadde vi 15 flaskelam som vi hadde mykje glede av.

Sauene har hatt ein fantastisk sommar og gått på gode beiter både i fjell og fjøre her i Gjerdsvika. Tenk for ein fantastisk jobb sauene har gjort med å halde vegetasjonen nede! Det er sauene vi kan takke for at det ikkje grør igjen rundt oss. På Hidsneset og Løsetstranda er landskapet ope og utan sjenerande småtre og busker som vi ser så mange andre stader. Bilistane har vore flinke til å vise omsyn for sauene på Løsetstranda, sjølv om sauene kan vere ganske irriterande når dei ligg rett ut på asfalten og har ingen planar om å flytte på seg.

Vi meiner alle desse gode beita gir seg utslag i god smak på kjøtet. Klimamessig må vel sauekjøtet vere av det mest berektaftige og.

Men no er lamma blitt store og nokre av dei vaksne sauene skal ut av produksjon. Desse dyra skal no bli til mat. Det er på ein måte litt trist, men samtidig veit vi at det er umuleg å behalde alle. Tenk for eit liv det hadde blitt om vi skulle behalde alle verane. Då hadde det blitt slåsting då. Og innavl.

Dessutan vil vi ha kjøtet. Det skal bli til herleg julemat. Det fyrste partiet kjem inn i kveld. Då skal det parterast og leggast i salt. Deretter skal det henge og modne og tørke i mange veker. Allereie i november når julebordsesongen startar, så vil vi ha klart pinnekjøt frå Bøen Gard.

HistorierBente Hide