Umulege sauer

I morgontimane i dag blei ein sau påkøyrd ved kufella her på Hide. Sauen var mørk på farge og dermed umuleg å sjå i mørket. Dessverre så har ikkje sauene respekt for bilane som skal forbi dei. Dei flyttar seg ikkje sjølv om bilane legg seg på hornet.

Vi som eig sauene syns sjølvsagt det er trasig at dei ikkje har meir folkeskikk enn som so. Det kan hende det hjelper meir å sveive ned vindauget og klappe i hendene. Eller gå ut av bilen og gjere det same. Det er ikkje lenge til kufella blir stengt og sauene skal på innmarka. Då er problemet over for i år.

Så kan ein spørre seg kvifor vi let sauene gå der når faren er så stor for påkøyrsel? Vi har sett at stort sett alle bilistane er forsiktige når dei skal passere flokken. Sauene kan vere ganske sjarmerande, så kanskje det er det som har redda dei hittil? Poenget med å la sauene gå ved Hidsneset og Løsetstranda er ikkje berre at sauene har eit beite rikt på forskjellige urter og vekster som gir god helse til sauen. Men også at vegetasjonen blir halden nede i dette området og dermed sørger for å oppretthalde det vakre, opne landskapet som vi er så glad i. Det er eine og åleine sauen si forteneste. Juleribba heng no til tørk, og er ein i tvil om dette beitet har noko for seg, så anbefalar vi å prøve det gode pinnekjøtet frå Bøen Gard.

Sauen blei påkøyrd rett før 80 sona.

Sauen blei påkøyrd rett før 80 sona.

Dessverre så var det eit fjorårslam som blei påkøyrd.

Dessverre så var det eit fjorårslam som blei påkøyrd.

Bente Hide