Julematen er straks klar

Pinnekjøtet er ferdig pakka og spekekjøtet er so og seie ferdig tørka. Vi begynner på møren denne veka, og det går enno litt tid før fårerullane og syltaflesket blir ferdig.

Heller ikkje i år vil vi halde open gard, men det er muleg det blir enkelte dagar med gardskafe no i førjulstida. Vi annonserar tidspunkt på det.

Vi opnar gardsbutikken mandag 22.11 og den er open så sant her er folk på garden. Ring gjerne på førehand for å vere sikker på å treffe folk (Trond 95421248 Bente 99556562).

Ferdig utvatna pinnebog klar for å bli dampa over poteter. Det er eit lurt triks å legge poteter i botnen på kjelen istaden for damperist. Ha i vatn slik at det dekker halvparten av potetene. Legg pinnebogen oppå. La det dampe friskt i 2-3 timar. Lengda på utvatning og dampetid er heilt individuelt. Vi har lært oss at der fins like mange tradisjonar og framgongsmåtar som der fins familiar. Men sjølv om dampetida blir 3 timar, så held potetene seg heile, og dei blir veldig gode. Same framgongsmåte kan også nyttast på vanleg pinnekjøt.

Etter 3 timar ser det slik ut. Kjøtet løsnar frå beina og potetene er framleis heile og godt marinert i sjya. Hugs på å etterfylle med vatn vef behov under dampinga.

Bente Hide