Køyr forsiktig!

Kun 2 dagar etter at vi sleppte sauene på beite rundt Hidsneset og Løsetstranda blei det fyrste lammet påkøyrd. Lammet låg midt i vegbana og det var forbipasserande som melde frå til oss og tok seg av lammet som framleis levde. Ifylgje vitner til hendinga, så stoppa ikkje bilen etter påkøyrselen. Dette kan det sjølvsagt vere fleire grunnar til. Men ein skal ikkje etterlate eit skada dyr til seg sjølv. Meld ifrå! Det er fort gjort at slikt skjer, fordi lamma er uforutsigbare og kan sprette fram når ein minst ventar det. Alle sauene våre er merkte med telefonnummer, så om slikt skjer, så må folk melde frå.

Løsetstranda og området rundt Hidsneset er eit svært vakkert område med ope lende og fritt for gjengroing. Det kan vi takke sauene for! Vi ynskjer å bidra til å behalde dette landskapet og difor sender vi sauene dit på beite.

Så pass på, kjære bilistar! Køyr forsiktig og ha ei god 17. Mai feiring vidare!

Sauene har ein flott plass å beite på og utsikta er formidabel. Men dei likar seg altfor godt på den varme asfalten. Så bilistane som køyrer forbi må vere på vakt.
Bente Hide