Årets vakraste eventyr på Bøen Gard

I skrivande stund er vi snart oppe i 100 lam. Mesteparten kjem frå villsauene ute på markane. Kvitsauene som må ha hjelp til lamminga held til i fjøsen og dei har hittil overraska med litt for tidleg lamming. Det ser ut til at enkelte har vore på vift med ein villsau i haust. Resultatet er yndige lam med litt andre fargar i ulla enn vanleg.

Så har vi slått til med eit firlingpar og eit femlingepar i år. Femlingar er ny rekord på Bøen, men dessverre er det berre 3 igjen av dei.

Det har vore ein del dramatikk rundt sauene i det siste. Alt er nøye dokumentert på Bøen Gard sin Instagram konto med fleire videoar. Vi kan nemne akutt melkefeber hos 6 av våre villsauer. Det er ein tilstand som gjer at sauen ikkje greier å bevege seg, og den risikerar å bli tatt av ramn, kråke og ørn. Vi greidde å berge 5 av 6 frå fuglane. Ein kom vi dessverre for seint til.

Snøstorm, regn og sludd har prega våren og dermed har det ikkje vore enkelt å vere eit nyfødd lam. Vi har tatt inn fleire som var overlatt til seg sjølv ute. Det var helst tvillingmødre som såg seg nøydd til å velge vekk ein av tvillingane. Saueverda er hard, men likevel er dette ei flott og givande tid.

Vi prøver å vere flinke til å legge ut videoar av livet her på garden på Instagram, slik at dei som vanlegvis er på besøk på Bøen, kan følge med på kva som skjer.

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
kvaskjerBente Hide