Redningsaksjon og uheldige pinnsvin

IMG_20190828_095640.jpg

Dette pinnsvinet var meir enn heldig når det blei oppdaga fullstendig innesurra i bærnota til morelletreet. Trond og medhjelparane måtte kle seg i tjukke hanskar for å få det laust. Og ja, pinnsvin har skarpe stikkande piggar. Men det såg ikkje ut til å stoppe grisane når dei oppdaga eit pinnsvin som hadde forvilla seg inn til mattrauet deira. Det blei gjort kort prosess og snart var det berre piggane som var att av det pinnsvinet. Nei, då er det tryggare å halde seg til kattematen.

HistorierBente Hide