Open gard laurdag 26. november

Trond og Dennis henger i for å sikre rette julestemninga.

No er vi i gong med å rydde og pynte løda til laurdag den 26. november. Då opnar vi dørene kl. 12 og sel ut det vi har laga av vår tradisjonelle julemat.

Vi har langtidsmodna fenalår, pinnekjøt og pinnebog. Svinemør, blandamør og fåremør. Og sjølvsagt vår berømte fårerull som i skrivande stund står på kok. Dufta av jul spreier seg over heile garden og vi gler oss til laurdag.

Nissen kjem og rykta går om at i år kjem han på eit spesielt køyretøy. Reinsdyra har han visstnok sendt på beite på Hidseggja og der likte dei seg så godt at dei nekta å forlate det vakre landskapet. Han var difor nøydd til å finne seg eit alternativ. Velinformerte kjelder opplyser at nissen har valt eit lite berekraftig alternativ men at det er tøffare enn toget…

 

Vi har pinnekjøt, pinnebog og fenalår frå både vanleg kvitsaulam og villsaulam.

Fårerullen står på kok og herlege juledufter spreier seg over garden.

 

Førebuingar til open gard er godt i gong.

Trond seier at kvaliteten på kjøtet i år er svært god.

AktueltBente Hide