Frilandsgris ferskvaresal

Prisar 2023

Nakkekotelettar: 140,-/kg

Svinekotelettar: 130,-/kg

Svineribbe: 195,-/kg

Svinesteik av bog eller lår: 150,-

Svinefilet: 160,-/kg

Svineknoke: 60,-/kg

Vi opnar for sal av ferske varer den 05.10.23 og held ope til laurdag ettermiddag, eller so langt lageret rekk.

Kjøt frå våre frilandsgrisar er godt marmorert og saftig.

 

Frilandsgris er vanleg gris som lever ute, i motsetnad til konvensjonell grisedrift der grisen som oftast blir halden inne i driftsbygninga. Vi kjøper inn grisungar i mai og har dei heile sommaren til dei er slakteklare i september/oktober. Dei held til i skråninga ved kufella og har eit stort område der dei beitar på forskjellige vekster og grev og rotar i jorda. Dei er spreke som få og kan både springe og klatre i fjellet. Dei er utmerket til landskapspleie, som regel blir alt som kjem i deira veg, snudd opp ned på. Dei lagar seg gjørmehol som dei plaskar i på varme sommardagar. Vi gir dei kraftfor og grønsaker/brød som er utgått på dato frå butikkar i tillegg til det dei finn sjølve ute i naturen. Det er rett og slett svært hyggelege dyr. Og både born og vaksne syns det er gøy å sjå på grisane på Hide.

Kjøtet frå frilandsgrisen er eit nisjeprodukt som ikkje heilt kan samanliknast med kjøt frå konvensjonell griseproduksjon. Frilandsgrisen lever lenger og har ofte ei slaktevekt på over 100 kg. Ein vanleg gris har slaktevekt på rundt 60-70 kg. Frilandsgrisen er difor dyrare å produsere fordi den et meir. Samtidig ynskjer vi oss dette kjøtet fordi det er godt marmorert og saftig. Og så er det dette med dyrevelferd då. Det er kanskje litt lettare å betale litt ekstra når ein veit at dyra har hatt det bra?

 

Trond tek på ru hanskar og kleiar grisane. Då kjem alle springande og vil ha massasje.


Grisane har eit koseleg hus som dei brukar når det er styggever.


Vi hentar smågrisar i mai og har dei til dei er slakteklare i september/oktober. I løpet av den tida har dei fått boltre seg fritt ute. Dei likar å klatre i bergskråningane her på Hide og dette bygger musklar. Og so likar dei å bli klappa og kleia av Trond og Lorentz.


Therese Myrene Aurvåg