Haust og slaktetid på Bøen Gard

IMG_20191004_172738.jpg

Slaktetida er kanskje ikkje den kjekkaste tida i året. Men heilt nødvendig for å skaffe oss den maten vi treng. Vi likar å tenke på at dyra har hatt det godt før dei blir til mat. Sauene har levd fritt i fjell og fjøre og beita på allsidige vekster slik som gras, lauv og urter. Dette gir god smak på kjøtet og kulturlandskapet blir halde i hevd på ein framifrå måte. Grisane, som vi kallar for frilandsgris, har halde til ute heile sommaren og greve i jorda, laga seg gjørmebad, beita på gras og diverse røter og vekster. Dei har i tillegg fått servert både kraftfor og grønsaker og frukt frå butikkar i nærområdet. Både butikkpersonalet og vi syns det er bra at frukt og grønt som kundane ikkje vil kjøpe, heller går i grisen enn i søpla. Vi har også funne ut at grisen er ein framifrå jordvendar. Dei har kraftige nakkemusklar og brukar trynet sitt til å kaste på store steinar og snu på tuer og jordlag. Istaden for å styre med plog og traktor, så overlet vi dette til eit meir miljøvenleg alternativ.

Alt dette kjøtet skal det lagast noko av, og vi er no i gong med å produsere årets julemat i splitter nye produksjonslokale. I samarbeid med Mattilsynet, Innovasjon Norge, Foodcare AS og Mære landbruksskole, så har vi fått etablert eit produksjonslokale med både frys og kjøl som tilfredsstiller Mattilsynet sine krav og sørger for trygg matproduksjon.

Vi ynskjer å løfte fram mattradisjonane frå nærområdet samtidig som vi må behandle råstoffet på ein slik måte at smakane kjem til sin rett. Odd Høiås frå Foodcare AS i samarbeid med Mære har vore på Bøen Gard og kursa oss i saltemetodar, modningsprossessar og kjøtskjering. Vi er audmjuke for faget og håpar vi etterkvart greier å handtere råvarene slik at produktet til forbrukar blir best muleg. På same tid ynskjer vi å ta vare på gamle tradisjonar frå vår region. Dette har vist seg å vere ganske så komplisert fordi framgongsmåtar og oppskrifter er forskjellige frå gard til gard. Då har vi rett og slett kome fram til vår eigen versjon som er tufta på eldre, lokale oppskrifter men som likevel har Bøen Gard sin eigen vri. Palma og John Hide, foreldra til Trond som kjem frå gnr1, bnr.1 her på Hide, har vidareført sine erfaringar og oppskrifter til oss.

Aktuelt, kvaskjerBente Hide