Audhuset; nytt Inn på tunet-tilbod 

Bøen Gard er i ferd med å lansere eit nytt Inn på tunet-tilbod på nabogarden. Våningshuset er no straks ferdig renovert og skal i si heilheit brukast i den vidare utviklinga av Inn på tunet-verksemda vår. I dette ligg også ei ny satsing, som vi håpar vil gjere det mogleg for fleire å nytte seg av det vi tilbyr.

Det nye tilbodet vil skilje seg frå det eksisterande ved at brukarane no kan ta med eige personale. Det kan til dømes vere skuleelevar saman med lærar eller assistent, eller personar med følgjepersonell som støttekontakt og liknande. Også her vil ein finne tilrettelagde aktivitetar som dei ulike deltakarane kan ta del i. Dette kan vere samspel med ulike dyr eller turar i nærområdet. Vi planlegg å ha både sauer, geiter, høner og kattar tilgjengelege for dei besøkande.

I første etasje blir det òg tilrettelagt for overnatting, også for personar i rullestol. Her har vi HC-toalett og tre soverom med til saman fem sengeplassar. Dette bør vere midt i blinken som feriemål for folk med særskilde behov.

Vi håpar å starte utprøvinga av det nye tilbodet no i haust.