Nytt Inn på tunet-konsept markerar 20 års-jubileumet til Bøen Gard

Audhuset totalrenovert og klar til å ta imot nye gjester på Bøen Gard.

 
 

Dei siste to åra har vi vore opptekne med totalrenoveringa av vår andre gard, som skal avhjelpe eit mangeårig kapasitetsproblem. Til hausten har vi òg planar om å starte eit nytt Inn på tunet-konsept her, som vi håpar kan gjere tilbodet vårt på Bøen Gard meir tilgjengeleg for fleire.

Historie og gjenbruk

Våningshuset på vår andre gard, Audhuset, er no totalrenovert og vil kunne romme både det eksisterande tilbodet og vårt nye Inn på tunet-konsept. Huset var opphavleg ein skule som blei flytta til Hide i 1930. Her budde Aud og Osvald Hide. Ved å bevare det gamle tømmeret der det har vore mogleg, har vi teke vare på litt av historia til huset. Elles har vi brukt materiale frå eigen skog og anna gjenbruksmateriale. Skifertaket stammar frå ei av dei gamle sjøbuene i Ulsteinvik (Foreiningsbuda). Snikkaren vår, Johnny Ingebrigtsen, har redesigna kjøkenet som Osvald i si tid laga då han og Aud var nygifte. Dette er no tilpassa Mattilsynet sine krav og oppfyller regelverket for eit storkjøken. Første etasje er elles innreidd og møblert med inspirasjon frå 50-, 60- og 70-talet. Her har vi òg stove, tre soverom med til saman fem sengeplassar, HC-bad og personaltoalett. Dette lokalet skal huse vårt nye Inn på tunet-konsept, der alt ligg til rette for at personar med særskilde behov kan overnatte saman med personale og få ei god oppleving på Bøen Gard.

Også området bak driftsbygninga skal oppgraderast og innehalde opphaldsrom, HC-toalett og dyrerom.

Velkomen til nye Bøen Gard, 20 år etter oppstarten!

 
 
 

Riving og reising

Ein formidabel jobb er gjort med renoveringa av Audhuset. Stort sett alt av innvendig stenderverk og liknande kjem frå eigen skog – saga på eiga gardssag. Våningshuset står no klart til å ta imot nye gjester.

 
 
 

Nye vyer

Kjøkenet, som Johnny Ingebrigtsen har redesigna, vart opprinneleg laga av Osvald Hide på ein møbelfabrikk i Gjerdsvika. Den flotte benkeplata – som ein gong var eit massivt trebord – fann vi på løda. Alt av interiør er gjenbruk, bortsett frå komfyren. Det fine kateteret er frå den gamle skulen i Gjerdsvika.

 

Vi gler oss til å ønskje fine folk velkomne til Audhuset.


Therese Myrene